Kvar finn du oss
Skjerjehamn er tilgjengelig med bil, båt eller ekspressbåt.
Til Skjerjehamn med rutebåt
Fjord1 ekspressbåtar går dagleg frå Bergen i sør til Selje i nord, samt Sogndal og Flåm i Sognefjorden.
For gruppar over 10 personar kan ein tinge stopp direkte på Skjerjehamn. Ekstrastopp må tingast hjå Reiseservice seinast dagen før avreise. Reiseservice treff du på telefon 55 90 70 70.
Ekspressbåtane har ordinært stopp på naboøyna Mjømna, med anløp kvar dag. Frå Mjømna kan du fylgje den lokale rutebåten eller buss. Reisetid frå Mjømna er om lag 10 minutt.
Rutetidane for båtane finn du på : www.fjord1.no
Til Skjerjehamn med bil
Kjem du langs landevegen i bil, vil du fort oppdage at me held te på ei øy. Trekantsambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik forbinde oss med resten av verda. Kjem du frå Bergen mønstre du om bord i Leirvåg og går i land att i Skipavik. Kjem du nordatt ifrå køyre du til Sløvåg og trer av i Skipavik. Ferja har anløp om lag ein gong i timen.
Når du først er komen i land er me ikkje vanskeleg å finne. Det er berre ein veg på øyna, etter om lag ei mil kjem du te ei bru.
Denne skal du ikkje øve, men ta te høgre mot Skjerjehamn. Herfrå er det ca 7km til du er framme. Det er ikkje høve til å parkere eigen bil ved festivalområdet. Bilen kan parkerast på tilvist område der buss frakte deg heilt fram.
For rutetider sjå: www.tide.no
Til Skjerjehamn med eigen båt
Dette er kanskje den lettaste og mest praktiske måten å vitje oss på. Ikkje berre får du parkert midt på festivalområdet, du har i tillegg tatt med eigen overnattingsplass. Uansett kva himmelretning du kjem frå ligg Skjerjehamn strategisk plassert midt i farleia.
Del











