Alessandra

Det skal godt gjøres å ikkje ha blitt eksponert for det norsk-italienske stjerneskuddet Alessandra etter at ho tok seg til topps i Melodi Grand Prix med bangeren Queen of Kings.

Heile Noregs Alessandra er klar med oppfølgjaren til sin globale megahit i form av den sjølvtillitsgivande nye singelen “Pretty Devil”. Det unge stjerneskotet slepper sin første nye låt sidan debutsingelen hennar såg dagens lys i januar, med ei erklæring om at alle må elska seg sjølv og bera sin eigen kropp med stoltheit.

Musikkarrieren til den 20 år gamle artisten og låtskrivarane fekk ein pangstart etter debutsingelen såg dagens lys. Ikkje berre vant ho heile Norges musikkhjarte med sin MGP-triumf, men ho vant også ein internasjonal følgerskare då låta sette fyr på TikTok. Med rundt 300 millionar visningar, utallige likes og rekreasjonar, så vart Queen of Kings ein viral TikTok-hit før finalen i MGP i det heile tatt hadde gått av stabelen. Denne suksessen har smitta over på andre plattformer der låten har passert 100 millionar straumningar – noko som sikrar den ein plass blant dei mest straumma låtene frå årets Eurovision Song Contest.

Det har vore stor etterspurnad etter den nye låta og det tek fullstendig av blant fansen; Alessandra har sanka inn nærare 70.000 førehandslagringar av låten på berre nokre dagar i tillegg til at fansen har laga over 6000 videoar til sounden på TikTok.

Målet med musikken hennar er å inspirere andre til å praktisere egenkjærleik og finne fram til sin indre, sjølvsikre Queen of Kings, slik ho sjølv har blitt inspirert av artistar som Beyoncé, Lizzo og Miley Cyrus.

Pressefoto: Guro Sommer