Bigbang

Man reflekterer kanskje ikkje så mykje over at Bigbang er en trio, at all lyd som kjem frå scenen, er produsert av berre tre musikarar. Der dei fleste rockeband treng fire eller fem medlemmar for å halde skuta flytande, kviler trioen seg på musikalsk dugleik og dynamikk. Bass, trommer og ein gitar. Det er klart det mest krevande, men kanskje også det edlaste bandformatet. Når det funkar, kan det bli magisk, sjå berre på Cream, Nirvana eller The Jimi Hendrix Experience, og hos Bigbang funkar det.

Olaf, Niko og Øystein er ikkje originalbesetninga, men det er utvilsamt denne konstellasjonen som har definert bandet. Olaf Olsen, lett gjenkjennelig bak trommene og ein ettertrakta bidragsytar for andre når han ikkje er på vegen med Bigbang. La oss heller ikkje gløyme at han er ein av to Olsens i bandprosjektet til sin bror (Todd) Terje. Nikolai Hængsle, nok ein travel mann, både som bassist par excellence og som musikkprodusent. Fast inventar i Elephant9, og om du ikkje har høyrt hans prosjekt Band of Gold, er det på tide å sjekke det ut.

Som bandets vokalist, gitarist og låtskrivar er Øystein Greni bandets tydelege frontmann og den einaste konstanten sidan starten. Øystein voks opp i eit heim med mykje musikk og mykje vinylplater. Far Thor S. Greni har sjølv bakgrunn som vokalist i The Undertakers Circus, men dagjobben var på Levi´s som delte bygning med fleire plateselskap. Nokon fekk 501 og Thor fekk plater, ofte dei litt alternative som aldri vart gjevne ut her heime. Lille Øystein levde med ein vaksen platesamling og var med på bandøvingar frå før han kunne snakke, musikken ligg i blodet.

Bak kvar utgjeving med Bigbang ligg det mykje arbeid og omtanke, noko som har bidratt til ein lang rekkje listeplasseringar og trofé. Så langt er det likevel ingen utgjeving som har fått like mykje tid og TLC som årets nye «Le Californie» – takka være Covid-19. Gjennom nedstengingar, avlysningar og utsetjingar har albumet sakte tatt form, og våren 2023 er det endeleg ute. Låtane på det nye albumet osar av samspelsglede og unike gitarriff som har blitt finslipt gjennom nettopp den lange ventetida. Vi kan love nokre heilt nye livefavorittar på toppen av ein allereie velfylt låtkatalog når Bigbang igjen legg ut på vegen.

Pressebilde: Arne Bru haug