CC Cowboys

CC Cowboys har sidan starten vore ei oppvisning i uthald, kontinuitet, arbeidsvilje og speleglede. Mottoet til bandet har vore: Bli ved din lest, anten du er skomakar eller spelar i band. Ver tolmodig, ver arbeidsam. Ver trufast mot deg sjølv og publikummet ditt.
Det prisvinnande bandet har skapt norsk musikkhistorie gong på gong sidan 1990, med ein meritt- og hitliste som vitnar om at dei jamleg har treft så til dei grader blink.
Ved å kontinuerleg skriva og gi ut ny musikk held CC Cowboys fram med å halda seg engasjerte og dermed også interessante og relevante. Det er noko unikt vitalt over denne gjengen som har turnert nesten utan stans i tre tiår og vorte ein del av det norske folks musikalske identitet. Eit band som ikkje berre blir definert av arbeidsvilje og uthald, men av speleglede!

 

Pressefoto: Jonathan Vivaas Kise