Chris Abolade

På nyåret vil mitt debutalbum «Alle Hater Chris» sjå dagens lys. Eg har aldri gleda meg og samtidig grua meg så mykje til å vise ny musikk. Eg har pusta og ånda dette dei siste 3 åra. Dette prosjektet er eit lite fuck you til demonane som har prøvd å rive meg ned. Eg gler meg til å vise vennene mine, familien min, og ikkje minst fansen min kva eg har skapt med mitt crew. Føler meg frelst og heldig. Å stå på denne scena, under denne turneen, kjem eg til å hugse for resten av livet mitt. Eg håpar å sjå deg der. Så mange som mogleg. Dele musikken eg blør for. Gret for og elskar. Saman med dykk. Eg vil la dykk kjenne det eg kjenner, eg vil la dykk vite at de ikkje er aleine. Vi er saman. Saman på denne rare planeten vi bur på. Eg vil invitere dykk til eit selskap, eit show, ei seremoni. La oss gifte oss saman. Gjennom natta. Vil du gifte deg med meg…?

Pressefoto: William Blofeld