Delara

Tidlegare i sommar erobra artisten Amanda Delara toppen av hitlistene med si personlige tolking av den svenske låten «Josefin». Hennar pianocover av låten har nådd imponerande 1,4 millionar visningar på TikTok, og låta klatra raskt til topps på hitlistene både i Noreg og Sverige.

Amanda Delara fekk sitt første gjennombrot i 2017 med debutsingelen «Paper Paper» og «Gunerius»-remixen. Sidan den gong har ho kontinuerleg begeistra publikum med både engelsk- og norskspråkleg musikk. Hennar norskspråklege EP «Et lite stykke Norge», frå 2020, har til og med hatt tekstane inkludert i læreplanen på vidaregåande skular i Noreg. Singelen «Nå er det oss» frå EP-en vart òg nominert som årets låt på P3 Gull. Året etter opplevde Delara suksess på dei europeiske hitlistene med låten «Checka», eit samarbeid med den sveitsiske superstjerna Loredana.

Sidan sitt gjennombrot i 2017 har ho stått på store scener både nasjonalt og internasjonalt, og har delt scene med verdensstjerner som Dua Lipa, Khalid og Young Thug. Med ein stadig veksande karriere og ein unik evne til å formidle kjensler gjennom musikken, er Delara definitivt ein artist som fortset å imponere og inspirere sitt publikum.

Pressefoto: Mickael Ray Vera Cruz Angeles