Fagernes Yacht Klubb

Fagernes Yacht Klubb lagar storstilt fest med lyden av saltvatn, solskin og sommar, av udødelege hits, gitarsoloar og allsong.

Sidan 2009 har dei gledd publikum med tolkingar av nokre av dei største Yacht Rock-klassikarane gjennom tidene, og blitt eit av Noregs mest etterspurde og populære liveband. Yacht Rock er ei samlenemning på musikk som vart populart på den amerikanske vestkysten på seint 70- og tidleg 80-tal. Med artistar som Toto, Hall & Oates, Kenny Loggins og Steely Dan regjerte Yacht Rockerne hitlistene med silkemjuk, melodisk rockemusikk ispedd R&B og jazz.

Med ei virtuos samling musikarar frå Bergens hylla musikkmiljø gjer Fagernes Yacht Klubb hommage til dei største hitsa til sjangeren med enorm respekt for kjeldematerialet, full blåserekkje, perkusjon, to gitaristar og fem vokalistar. Med låtar som «All Night Long», «Don’t Stop Believin'», «Africa» og «Rock with You» er scena sett for ein uforgløymeleg aftan. Med frontfigur, Håkon Njøten, frå Eivindvik så reknar me med at Utkantpublikummet jublar litt ekstra for yachtrockarane på Utkant

Pressefoto: Aurora Stenersen