Jonas Benyoub

Med bakgrunn frå både Alf Prøysen og Samira Said, tajin og pinnekjøtt, har Jonas Benyoub ei unik evne til å formidla bodskap gjennom flow, metaforar og rytmar.

Jonas er fødd og oppvaksen i Oslo, og har notert seg i musikkbransjen i ti år.
Han blir ofte hylla av musikk-kollegaene sine og har vorte omtalt som «ein av dei aller, aller beste me har i rapfeltet» av P3. Hausten 2022 vart han tildelt både «Årets Stjerneskudd» prisen under By:larm og «Årets Gjennombrudd» på P3 Gull.

Debutlåta «Youm Wara Youm» vart gitt ut i 2017, og vart brukt i NRK-suksessen SKAM. Sidan den gong har Jonas etablert seg som ein av dei mest kredible rapparane i landet, med ei merittliste beståande av features med mellom anna Karpe, Tommy Tee, Lars Vaular, Dutty Dior, og Yousef frå Madcon. Han er også ein solid låtskrivar, og har skrive låtar for- og med mellom anna Karpe, Stig Brenner, Hkeem og Temuur.

I 2022 gav Jonas ut debutalbumet ZeroLove, som gjekk rett inn på Topp30-lista i Noreg same veke som utgivinga, etterfølgd av albumets del to, ZeroLove Deluxe som resulterte i den gjæve Spellemansprisen for årets Hip hop.

Pressebilete: Armand Nasiri