Moyka

Moyka har lenge vore ein snakkis innanfor ei ny generasjon av alternativ popmusikk i Noreg. Sida EP-ane Circles (2019) og Spaces (2020) har vi fulgt Moyka på hennar reise som artist, låtskrivar og produsent, heilt utan at ho har gått på kompromiss med seg sjølv ein einaste gong. Ho har skapt seg ein katalog med tydeleg identitet og vekt interesse frå internasjonale storleikar som Billboard, Notion og The Line of Best Fit. Debutalbumet The Revelations of Love (2021) tok oss med på ein ferd gjennom kjærleik og tap, og viste tydeleg at prosessen med å reparere eit knust hjarte ikkje er rettlinja eller ordna. På det andre albumet Movies, Cars & Heartbreak ser vi eit meir konsentrert og leikent uttrykk gjennom låtskriving og produksjon vi ikkje har sett tidlegare frå artisten. Med låtar som Never Say Sorry, Rear View og Already Gone tek vi eit dypdykk ned i mørket, men ikkje utan ei kjensle av håp. Vi blir introdusert for vakre, svevande synthesizere, kraftige og bass-tunge trommer der Moykas vokal står trygt midt i det heile.

På scena leverer ho ei energisk liveopptreden i samsvar med den kraftfulle musikken. Gang på gang har ho overtydd publikum, arrangørar så vel som anmeldarar. Frå Vill Vill Vest og deretter Den Hemmelege Festen i Bergen i 2018, til dei store festivalane som byLarm, Bergenfest og Øyafestivalen i 2019, så vel som då ho fekk æra av å støtte Sigrid på hennar Norgesturné same året.

No, etter utselde klubbkonsertar både innanlands og utanlands i 2023, er det berre å glede seg!

 

Pressefoto: Ida Fiskaa