PandaPanda

Erlend Torheim frå Stavanger og Ferdinand West frå Oslo møttest på musikkskulen LIMPI i 2020. Sidan den gong har dei vorte veletablerte produsentar og låtskrivarar innanfor festmusikkscenen under produsentnamnet Earl&West. No står dei sjølve på scena iførte svart og kvitt som PandaPanda.

Musikken deira er kjenneteikna av fengande refreng, leikne vokalar og mykje trykk. Dei har ein unik evne til å smelte element saman med ekte og relaterte historier, kvalitetssikra med ei god dose Panda-humor. Duoen har tidlegare samarbeidd med mellom anna Ballinciaga og Broiler. Sistnemnde hadde dei nyleg to store hits med – «Idiot» og «Det einaste eg vil er å ha det fett». I november sleppte dei si nyaste singel «Bootycall problem» i samarbeid med Klikkmonopolet. Her får du norsk pop på sitt beste – låtar som smellar til både kvardag og fest. Pandane er no klare for eventyr, og sjølvsagt har dei eit viktig mål – å gjera mamma stolt på vegen.

Pressefoto: Eric Carswell