Rossman

Rossman er artisten som den litt rare tanta di elskar, men som óg veslebroren din har plakatar av på veggane. Eit bonn gass, feelgood fyrverkeri av eit sceneshow der det dampar av speleglede og overskot, har gjort at Rossman har blitt ein populær og ettertrakta live-artist.

Det kling litt som ein hissig Tønes, eller som ein rocka Øystein Sunde frå Rogaland, men artisten let seg helst inspirere av amerikanske mestarar av forteljarkunst som Hayes Carll, Todd Snider, The Band, Kris Kristofferson m.m. Med tre gjevne studioalbum og 250+ konsertar foran alt frå 8 til 8000 folk over heile Noreg under beltet, er det ingen tvil om at Rossman er ein artist ein bør få med seg!

Med sine karakteristiske «galgenhumoristiske» norske tekstar, er det lett å bli rive med inn i Rossman sitt univers. Som Noregs mest optimistiske pessimist kan du vente deg låtar som «Ingenting blir nokon gong betre», «Nokon har det bra (andre har det endå verre)» og andre låtar som folkefavoritten «Kjæreste på Jæren» eller «Det Hjalp Ikkje», som fekk nasjonal spreiing etter at han var med i fleire episodar av NRK-podcasten «Berrum og Beyer snakkar om greier».

På konsert med Rossman kan du vente deg eit americana/rockeorkester som alltid garanterer god stemning, boogie-woogie-piano, ansiktssmeltande gitarsoloar og eit smittande humør! Gjer som mange andre og kom for å høyre Rossman med fullt band! Det blir verdt det, me lovar!

Pressefoto: Kari Karslen