
Aktuelt
Aktuelt
-
Prisstigning søndag 1. juni!
Plutseleg er det sommar!
Det vil seie at me går opp til sommarprisar på festivalbillettar.
Skund deg å sikre deg billigbillett mens det framleis er mogleg!✌️ -
Me treng frivillige!
Det er framleis ope for å melde seg som frivillig!
Å vere frivillig er den kjekkaste måten å oppleve ein festival på, spør du oss! Då får du gå på festival heilt gratis, og dessutan får du bidra til at den blir til, saman med mange andre kjekke frivillige og crew.
Bli frivillig i år, og få ei festivaloppleving med ekstra meining! -
Plakaten er klar!
Årets plakat er fyllt opp, og sånn ser den ut!
Me har så mykje gøy på programmet i år! I tillegg til konsertar blir det stand up, noko for dei minste og mykje anna gøy! -
Siste sjanse til å kjøpe billig festivalpass no!
Laurdag 1. mars stig prisen på festivalpass!
Dersom du vil sikre deg eit festivalpass til tidlegpris er det berre å hive seg rundt!
Hugs at dersom du har kjøpt billett til båthamna, må du også ha gyldig festivalbillett.
Neste prisstigning er 1. juni.
Billettar finn du her!👇 -
BÅTBILLETTAR!
Endeleg!
Båtpass ligg no ute for sal! Det er avgrensa plass i hamna, og difor blir vi som regel utseld for desse ganske fort. Så her gjeld det å skunde seg!
Sikre deg billettar i dag, så er det berre å sale opp og ri bølgjene til vestlandets finaste festival når sommaren kjem!⛵️🌞 -
Desse artistane kjem til Utkant i 2025!
Maria Mena og Beathoven er allereie ute av sekken, og fleire artistslepp kjem i vekene etter nyttår.
Følg med!😎
-
Billettar til vinterpris ute no!
Hugs at det blir prisstigning utover våren, så det er lurt å sikre seg festivalbillett til 2025 allereie no!🤘