Om Utkant
Utkant gjekk for første gong av stabelen i august 2007. Sidan har Utkant blitt arrangert årleg i nydelege Skjerjehamn, ytterst i havgapet i Gulen kommune.
Festivalen starta som ei markering i anledning avdukinga av Knut Steen sin kontroversielle kongestatue, som i utgangspunktet var meint for rådhusplassen i Oslo, men endte opp hos oss i staden. Det syntes me var heilt konge - og bestemte oss for å feire kvart år frå då av!
Opp gjennom åra har Utkant blitt ein folkekjær vestlandsfestival, og har husa mange artistar frå både inn- og utland, som til dømes Bob Geldof, Veronica Maggio, Kvelertak, Karpe, Timbuktu, Lars Vaular, Bob Hund, Dagny, Madcon og mange fleire!
Festivalen eksisterer takka vere engasjement frå lokalt næringsliv og lokalbefolkninga, og har vore drive som ei eiga stifting sidan 2008.
Kontakt oss
Kommunikasjonsansvarlig:
Victoria Humborstad
Email: presse@utkant.com
Stiftinga Utkant, Skjerjehamn, 5977 Ånneland, Gulen
Foto og video for Utkant:
23/24/25: Jostein Vedvik
23/24/25: Christer Voll
25: Anniken Gjørøy
23/24: Viktorija Valionyte
22/23: Sverre Gullbekk
2022: Fanny Solheim