Har du lyst å vera med å lage verdas finaste festival?

Utan frivillige hadde ikkje Utkant gått rundt!

Vi treng folk til alle slags oppgåver, frå sjåførar til riggarar til artistvertar og publikumsvertar. Uansett kva ein skulle velje å gjere, vil det kunne by på gode og sosiale opplevingar. Frivillig festivalarbeid er noko av det kjekkaste ein kan vere med på, og ein møter mange forskjellege folk i forskjellege fasar i livet. Her kan du vere frivillig både med heile vennegjengen eller aleine - uansett kva vil det bli veldig lett å bli kjent med andre!

Du treng ikkje noko tidlegare erfaring - berre godt humør og stå-på-vilje!

Under har vi samla litt nyttig informasjon om det å vere frivillig saman med oss på Utkant.

Dette kan du jobbe som:

Har du spørsmål om nokre av stillingane, eller ynskjer du litt hjelp til å finne ut kva som passer best for deg? Ta gjerne kontakt med frivilligansvarlig Sabine på frivillig@utkant.com

Dette får du:

Informasjon om vakter

Som frivillig må du vere fylt 18. Mindreårige kan berre vere frivillige dersom ein har fylgje av ein godkjent verge. Vergen må vere med på festival, anten som publikummar eller frivillig, samtidig som den mindreårige.

Du har registrert deg, kva no?

Video: Christer Voll

Praktisk informasjon

Gi gjerne beskjed dersom du treng ekstra tilrettelegging!