Praktisk info

Her finn du svar på ting som kan være greit å vite før du besøker festivalen vår. Dersom du ikkje skulle få svar på det du lurar på her, må du gjerne sende oss ei melding via e-post eller messenger.

Ta vare på kvarandre, og hjarteleg velkommen til Utkant siste helga i juli!

  • Billettane vil alltid vera billigast dersom du kjøper tidleg og blir dyrare jo nærare me kjem festival. Billettinntektene er den viktigaste inntekta for Utkant så tilbodet på tidlege billettar er for å gi ein fordel og takk til dei som kjøper tidleg. Billettane kan ikkje refunderast eller byttast. Dersom du ikkje kan bruka billetten din tilrår me deg å gi han til ein venn eller vidareselja han via godkjende kanalar, som Ticketswap.no. Hugs at det er ulovleg å selja billetten for meir enn du kjøpa han for.

    Du finn billettane ved å klikke på “Bilettar” i menyen på nettsia eller søke opp Utkant på Ticketco.no

  • Utan verge vil billettar for dei under 18 år vere ugyldig. Billettar vert ikkje refundert, så ver merksam på at festivalen har ei vergeordning som tydar at ungdom under 18 år ikkje kjem inn på festivalområdet utan verje over 25 år. Verken verge eller ungdom kan vere alkoholpåverka.

    Verga er ansvarleg for dei mindreårige så lenge dei oppheld seg på og ved Utkant. Verga skal vere saman med, og ha dei mindreårige under oppsyn, gjennom heile opphaldet på og ved Utkant.

    Reglar for vergeordninga:

    Som verge vert akseptert person fylt 25 år, og/eller som er forelder til den mindreårige.

    Verga og ungdommen kan ikkje nyte alkohol eller rusmidler på Utkant.

    Verga må legitimera seg og levera utfylt vergekontrakt ved inngang til Utkant.

    Verga kan ha ansvar for maksimalt 3 mindreårige

    Born/ungdom under 18 år skal til kvar tid vera saman med og under oppsyn av sine føresette/verge

    Born under 18 år skal ikkje stå fremst føre scena, der det kan vera press Frå publikum.

    Vêr vennleg å gi beskjed til vaktar om noko ikkje er som det skal vera.

    Det er viktig å verna barns (og voksnes) øyre, med ørepropper.

    Verga skal ha mobiltelefon med vibreringsfunksjon på under heile opphaldet på og ved Utkant.

    Mindreårige og/eller verge som kjem rusa til Utkant vil verta avvist.

    Vi oppfordrar mindreårige og verger å dra heim før kl 23

    NB: Hugs gyldig legitimasjon – bankkort med bilete, førarkort eller pass.

    Vergeskjema skal fylles ut digitalt. Du finn det her.

  • Utkant har inga aldersgrense, men born og ungdom under 18 år skal ha fylgje av godkjent verje.

    Born under 13 år slepp inn gratis i fylgje med betalande vaksen. Me ber foreldre om å ta ansvar og omsyn til konsertanes art og tidspunkt. Enkelte konsertar kan spele på uttrykk som opplevast skremmande for born. Born under 13 år må og ha billett, send oss ein e-post for å få ein slik billett.

    Ungdomspass er kun for ungdom i alderen 13-17. Er du fylt 18 nyttar du vanleg billett – hugs at legitimasjon kan verte kravd.

    Born og ungdom under 18 har kun tilgjenge til festival saman med godkjent verje

    Festivalpass og ungdomspass gjeld heile festivalen (alle konsertar)

    Det er billegare med festivalpass enn individuelle dagspass

    Gyldig billett framvisast ved inngong og byttast i armband

  • Alle med nedsatt funksjon er hjartleg velkomne på Utkant og dei aller fleste stadar er framkommeleg med rullestol, men merk at det er grusveg og ein bratt bakke for å nyte sikta til Dronningscena. Du må sjølv ha gyldig billett (festivalpass/dagspass), men hvis du treng ledsager så kjem denne inn gratis mot framvisning av ledsagarbevis, men ta kontakt med billett@utkant.com slik at vi veit at dere kjem.

    Ledsagerbevis kan søkast om her: https://gulen.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg/nedsett-funksjonsevne/sokje-folgjebevis/# eller i di heimkommune.

    Det vil vere HC-toalett tilgjengleg på området. Utkant tilbyr diverre ikkje teleslynge/tolketjeneste per no.

    PARKERING

    Ta kontakt på førehånd om du treng hjelp til handicap-parkering. Vi har ikkje parkering på området, så det blir uansett et stykke unna.

  • Alt hittegods som blir funne under festivalen kan leverast og bli henta i landhandel/kiosken på Skjerjehamn.

  • Det er legitimasjonsplikt ved alle serveringsstadar som sel alkoholhaldige drikkar. Godkjent legitimasjon er bankkort med bilete, førarkort eller pass. Dersom det vert oppdaga at legitimasjon vert nytta uriktig, eller er falsk, vil politiet bli tilkalt. Uriktig bruk av legitimasjon eller fremvisning av falsk legitimasjon vil bli anmeldt.

  • Vaktmannskapet vårt er instruert til å være observante ovanfor synleg berusa personar. Vaktleiar har, i samband med politiet, offisiell myndighet til å avkreve legitimasjon og eventuelt foreta utvisning. Unge personar som vert observert nytande alkohol, kan verte kravd for legitimasjon. Dersom dei er under 18 år eller ikkje kan framvise legitimasjon, vert alkohol inndregen.

    Verjer og personar under 18 år som vert sett nytande alkohol vil bli fratatt alkoholen, bortvist fra området og politianmeld.

  • Mellom kl. 12:00 – 02:00 er det ikkje tillatt å frakte alkohol over området, då heile Skjerjehamn er skjenkeområde i dette tidsrommet.

    Vi oppmodar alle til å benytte seg av Skjerjehamn sine serveringstilbod også på dagtid! :)

  • Vi held av eit område på parkeringsplassen ved Mjåsundet Næringspark som er meint til bubil og campingvogn. Dette ikkje ein etablert camp, så ver obs på at det er avgrensa med både plass og fasilitetar. Det vert lagt opp tilgong til straum, vatn og toalett, men det finst ingen tilgong for tømming av septiktank (så kom med tom tank!).

    Det kostar 350 kr per dag, og du må kjøpe for alle dagane dersom du ønskjer å stå der heile helga. Billettar finn du her.

    ___________________
    Elles kan vi anbefale desse campingplassane:

    Mjømna Bil- og Båtferie er det oppstillingsplassar for bubil og campingvogn.

    På Byrknes ligg Tausevågen Marina som har oppstillingsplass for bubil og campingvogn.

    I Masfjorden ligg Nautesund Camping med oppstillingsplass og hytteutleige.

    Det går buss til festivalområdet frå Byrknes og Nautesund. Meir info på transport-sida.

  • Drikkevatn finn du ved camp (i vasshengaren) og i alle bygg (Pakkhuset og Landhandel). Det er og ei vasskran ute ved Landhandelen. Det er ikkje høve til å fylle vasstankar i båt under festivalen. Vatnet på Skjerjehamn kjem frå ein innsjø og vi må difor gjere så godt vi kan for å ikkje sløse! :)

    Dusj: Det er avgrensa med dusjfasilitetar på Skjerjehamn. For å få dusja må du henvenda deg i Landhandelen for å få nøkkel. Det koster 50 kr for ein dusj. Ver venleg å forhalde deg til tidsbegrensinga som vert satt slik at alle som vil kan få seg ein dusj. Vi anbefalar å nytta det vakre havet for eit forfriskande bad i staden!

    Handvask: Det vert sett ut antibac ved alle toalett. Det er høve til å vaske enda på toaletta inne i Pakkhuset eller ved å ha med eige såpe til utekrana ved Landhandelen.

    Toalett på festivalområdet finn du inni Pakkhuset, samt ved innslepp på moloen og på berget nedanfor DJ-scena. Det finst óg nokre toalett ved camp og på bubilcampen. Desse er i hovudsak for camp-gjester.