Har du lyst å vera med å lage verdas finaste festival?
Me treng folk til alle slags oppgåver, frå sjåfør til riggar til artistvert og publikumsvert!
Du treng ingen spesiell erfaring - berre godt humør og stå-på-vilje.
Dette kan du bidra med som frivillig hos oss:
-
Syns du det høyres kjekt ut å vere den som sørgjer for at artistane har det bra når dei er på Utkant - på Noregs finaste backstage i Sveitservillaen i Skjerjehamn?
Ein god artistvert er serviceinnstilt, hyggeleg og hensynsfull, og er opptatt av at artistane skal ha eit best mogleg opphald hos oss. Oppgåvene kan variere, men hovudsakleg skal du vere med å sørge for at backstage er ryddig og fin og at artistane har det dei treng. -
Rigg er digg! I denne gruppa kan ein møte på mange ulike og varierte oppgåver. Er du god på å tenkje kreativt og finne smarte løysningar, då er dette noko for deg! Du må forvente tungt og fysisk aktivt arbeid, samstundes som du får gleda av å sjå festivalområdet bli til!
Her treng me hender til alt frå å rigge scene, byggje ting, og male skilt. Området skal pyntast, og gjerder og telt skal på plass. Du treng ingen forkunnskapar, men du må kunne løfte nokre kilo. I hovudsak er det viktigast at du har pågangsmot, gjerne litt kreativitet – og du bør ikkje vere redd for å bli skitten på hendene. Dette er en super moglegheit for å få seg ny kunnskap og erfaring med handarbeid!Oppgåvene inneber å bidra til opprigg av scene og område før festival og nedrigg igjen etter festival.
-
Catering / Kjøkkenhjelp: Er du glad i å lage mat og å ta vare på folk? Då er dette jobben for deg! I cateringgruppa har du ansvar for å lage og tilberede mat til artistar og mannskap som er på Utkant, under leiinga av ein kokk.
Kiosk / Sal av merchandise: Under Utkant blir det sal av både festivalen sin eigen merch og artistane sin merch, samt sal av kioskvarer som popcorn og sukkerspinn. Dette er jobben for deg som er serviceinnstilt og vil møte festivalgjestane med eit blidt ansikt og positiv energi!
Solskinspatruljen (trivselsvaktar) under Utkant er på mange måtar festivalen sine ansikt utad. Du har ansvar for å passe på området, sjå til at publikum har det bra, svare på spørsmål om festivalen, sørgje for at området er ryddig, med meir. Du vil óg vere den som sørgjer for at andre frivillige på jobb får seg ein kopp kaffe og ein sjokolade når dei treng det som mest. Er du den som alltid er oppteken av å ta vare på dei rundt deg og passer på at alle blir sett? Då passar du perfekt inn i solskinspatruljen!
Billett- og innslepp til festivalområdet: Som frivillig i billett- og innslepp er du gjestane sitt første møte med festivalen. Her får du jobb både med å bytte billettar til bånd, og med å selge billettar undervegs. Du vil sørgje for at publikum kjenner seg ivaretatt frå første augeblink! I denne gruppa vil det vere hektiske og rolige perioder, og du må derfor forvente å bli satt til anna førefallende arbeid i dei roligare periodane. Dette kan til dømes vere å bidra til rydding av festivalområdet og liknande.
Miljøgruppa: under Utkant vil miljøgruppa sørgje for at me har eit fint og ryddig festivalområde. Under festival oppstår det mykje avfall, og du er med på å sørgje for at bosspann er tømt og at publikum alltid har ein stad dei kan kaste frå seg avfallet sitt – slik at det ikkje havnar i sjøen! Arbeidet denne gruppa gjør er heilt sentralt for trivselen til gjester og andre på som oppheld seg på festivalområdet, og ikkje minst for naturen rundt!
-
Sjåfør: Når du jobbar med transport under Utkant, får du oppgåver som omfamnar alt frå å hente artistar på Flesland til å køyre utstyr. Tre viktige forutsetningar som trengs her; du må ha lappen (gjerne D1E), vere glad i å køyre bil og vere ein trygg sjåfør!
Trafikkhandtering: For å få gjennomført festivalen er det heilt avgjerande at logistikken går så smertefritt som mogleg, og dette treng me gode hjelparar til. Denne oppgåva krev at du klarer å halde tunga beint i munnen. Her vil du hjelpe til med diverse oppgåver som å dirigere kjøretøy, passe på at folk kjem seg på riktig buss, og å stenge vegar. Her treng me deg som er god til å kommunisere, og som held hovudet kaldt i hektiske periodar!
Hamnearbeid: Når me lagar festival i havgapet er det ikkje til å kome unna at mange av gjestene våre kjem i båt, og mange bur i båt gjennom heile festivalen. Difor treng me ei gruppe frivillige som vil hjelpe til med ymse hamnearbeid. Båtar skal plasserast, me skal ha orden i køsystema, og me skal sørgje for at viktig informasjon kjem fram til gjestene ved ankomst. Er du like trygg på vatn som på land? Då vil me gjerne ha deg med her!
-
På festivalar oppstår det ofte mykje uforutsett, og då treng vi nokon som står parat og er klar for alt. Som springar (runner) veit du aldri kva di neste oppgåve blir! Kanskje må du hente noko for nokon, reparere noko som har gått i stykke, eller berre kome med eit godt innspel til nokon som står fast? Her kjem du i møte med mange menneske og får ein variert dag. Kan du kanskje litt om alt, eller er du rett og slett berre ein fleksibel og hjelpsam type? Då vil denne gruppa passe deg. Fordel med førerkort!
Har du spørsmål om nokre av stillingane, eller ynskjer du litt hjelp til å finne ut kva som passer best for deg? Ta gjerne kontakt med frivilligansvarlig Sabine på frivillig@utkant.com
Dette får du:
-
Når du ikkje er på jobb er du fri til å nyte festivalen som gjest!<3
Jobbar du to heile vaktar, t.d. på rigg før eller etter festival, så får du gratispass til heile festivalen.
Jobbar du ein heil vakt får du eit dagspass. -
Kjøp deg den ikoniske hatten, tskjorte, genser eller flagg med 20% frivilligrabatt!
-
Me fiksar mat og drikke til deg medan du er på jobb!
-
Du kan ta med deg telt og bu i frivilligcampen vår, bak villaen inne på Skjerjehamn. Dette er ein stillecamp, og det er ikkje tillatt med alkohol her. Om du vil bu i den litt festlegare festivalcampen kan me reservere plass til deg der!
Om du har behov for ekstra tilrettelegging når det gjeld overnatting kan du ta kontka tmed oss, så prøver me å finne ei anna løysning ;) -
Få ein attest på arbeidet du har gjort!
Pst! Frivilligarbeid tar seg veldig godt ut på CV-en ;) -
Det er få ting som er kjekkare å jobbe saman med andre mot eit felles mål - spesielt når det målet er noko så kjekt som Utkant!
Ein angrar aldri på å melde seg som frivillig!
Vil du tene pengar på å jobbe på Utkant?
Me tilbyr betalt dugnadsarbeid til lag og grupper som ønsker å tene pengar!
Her tener de 125,- i timen per person som er på jobb til laget/foreninga. Døme på grupper som deltek her er russegrupper, skuleklassar som vil tene pengar til klassetur, idrettslag og korps.
Ta kontakt med Sabine på frivillig@utkant.com for nærare informasjon og påmelding for dugnadspersonell.