Bu

Shuttle

Sidan vegen inn til festivalområdet blir stengd, vil der gå shuttlebuss mellom parkeringa på Mjåsundet næringspark og Skjerjehamn. Kapasiteten varierer i forhold til programmet, men det vil alltid vere minst eitt køyretøy i shuttletrafikk innanfor følgjande tidsrom heile festivalhelga:

TORSDAG/FREDAG/LAURDAG

Mellom 12.00 og 02.30

Du må medrekne noko ventetid, det kan vere at bussen nett har køyrt når du kjem, men den returnerer så snart den har snudd på endestoppet.

Reise

Festivalbuss

Det blir sett opp festivalbuss frå Byrknes/Gråvik, Dalsøyra og Duesund. Sjå ruter under.

I tillegg går det ein festivalbuss Bergen busstasjon - Åsane terminal - Knarvik terminal - Skjerjehamn torsdag, med retur søndag. Sjå ruter under.

Festivalbåt

Vi har tre festivalbåtar som går tur/retur Mastrevik, Eivindvik, Mjømna og Furnes under Utkant.

Det er berre mogleg å kjøpe tur/returbillett. Vi har to ruter til og to ruter heim alle dagane, ein tidlegare på dagen og ein seinare. Pass på tidene på billetten din!

Rutetider og billettar finn du under Festivalbåt Ticketco.

Andre reisemåtar