Vil du bli logistikkoordinator på Utkant?

Me ser etter nokon som:

  • Kan ta hovudansvar for transportlogistikk, men óg er open for andre logistikkrelaterte oppgåver.

  • Set pris på ei utfordring og syns det er kjekt å ha mange ballar i lufta (og bilar på vegen) samtidig.

  • Har evne til å planleggje godt, men samtidig vere løysningsorientert i uforutsette situasjonar.

  • Har gode kommunikasjonsevner.

  • Har erfaring med kulturarbeid, logistikkarbeid og/eller tilsvarande.

  • Har moglegheit til å delta på planleggingsmøter gjennom våren og sommaren, samt vere på Skjerjehamn i festivalveka (ca. 18.-27. juli).

Me tilbyr:

  • Honorert prosjektstilling.

  • Arbeidsomfang etter avtale.

  • Kost og losji under festival.

  • Ein idyllisk sommarjobb ilag med eit hyggeleg festivalteam!

Søknadsfrist: 20. mars 2026

Oppstart så snart som mogleg.

Søknad med CV sendes til:

jostein@kulturkontoret.as