Ny bookingsjef på Utkant!

Ny bookingsjef Ingvild Nordfonn

Hausten 2025 tok Ingvild Nordfonn over som bookingsjef på Utkant. Sidan 2023 har ho vore ein del av festivalleiinga som kommunikasjonssjef, og er no veldig glad for å kunne ta fatt på nye utfordringar!

- Eg storkoser meg allereie med bookingjobben, seier Ingvild. - I løpet av dei siste åra har eg blitt veldig glad i Utkant og Skjerjehamn, og det har vore så kjekt å bli kjend med det publikumet som er her.

Ho seier at ho om bookingsjef ønskjer å fokusere på kva publikum har lyst å sjå på scena, men at ho vil satse på eit variert program som også kan by på litt nye og spanande ting. Ingvild har sjølv musikkutdanning, og har i tillegg til Utkant jobba med mykje forskjellig innan kultur- og musikkbransjen.

- Eg tenkjer jo at eg har eit litt todelt ansvar her. På den eine sida skal eg lage eit program som folk faktisk har lyst å komme for og sjå på, og på den andre sida meiner eg at me som jobber med booking har eit viktig ansvar for å løfte fram nye band og artistar som me har trua på. Og så er det det å finne den gode balansen der då. Sjølv syns eg årets lineup treff ganske godt, og eg gler meg til å sleppe fleire artistar framover!

Forrige
Forrige

No kan du kjøpe billett til camp og hamn!

Neste
Neste

Kjartan Lauritzen til Utkant