Takk for sist! 

No har det vore stille frå oss i Utkant lenge. Hausten har gått med til å legge nye planar og sikre finansiering for festivalen framover.

Med betre førehandssal enn nokon gong og Kjartan Lauritzen som første annonserte artist, ser det ut til å bli eit lovande år for Utkant. Men det har tatt tid å få på plass ein plan og ei godt forankra finansiering foran sommarens høgdepunkt.

– Det er godt å endeleg vere i gong igjen, seier Ingvild Nordfonn. Ho er ny bookingsjef, men har lang erfaring frå Utkant som kommunikasjonsansvarleg.

– I år har me hatt fokus på å lytte til publikum i bookingprossessen, og eg synes at me no har snekra saman ein god lineup som reflekterer det. Det blir mykje kjent og kjært, samt litt nyare og lokale ting som me har veldig trua på!

Forrige
Forrige

Kjartan Lauritzen til Utkant

Neste
Neste

Frivillig-påmeldinga er open!