Utkant ligg på Skjerjehamn, i Gulen kommune. Skjerjehamn ligg nord for Bergen, 2 timar om du kjem med bil, og ca 1t og 20min om du kjem med hurtigbåt (rutebåt). Sjå kart her, og korleis du kjem deg til Utkant under her:

Eigen bil/båt

KOM MED DIN EIGEN BÅT

Billettar til båthamna kjøper du her.
Kva hadde Utkant vore utan det yrande båtlivet?  Plott inn 60°56′32,4″N 4°57′17,6″Ø på kartplottaren og ta turen! Det er stor kapasitet i hamna i Skjerjehamn. Vårt hamnelag vil sikre ei forsvarleg og god plassering av båtane og det forventast at båtførar følgje instruksane frå hamnevakta. Det er mogleg å reservere plass i hamna. Plassering bestemmast av hamnesjefen ved ankomst. Fordi det er svært mykje båtar i hamna denne helga er det begrensa moglegheit for å gje landstraum eller vatn til båtane. Alle ombord i båtane må ha gyldig festivalbillett.

Båtskjema må fyllast ut, det finn du her.

PARKERING

Vi gjer merksam på at du kan ikkje køyre heilt fram til festivalen. Du vil ved ankomst verte henvist til parkering på Mjåsundet næringspark ved Mjåsundbrua (trykk for kart).

Parkeringsbevis kan du kjøpe på førehand eller ved ankomst. Om du førehandsbestiller må du skrive det ut og legge det i frontruta.

Det går shuttlebuss frå parkeringsplassen inn til festivalområdet.

Parkering inkl. shuttle for sjåfør:
110,- pr døgn eller 220,- for heile helga

Shuttle for passasjerer: 85,- tur/retur 

Båttaxi

Fonnes båtservice har 24 timars døgnservice . På bestilling kan dei hente og bringe våre gjester både fjernt og nært. Båtane har plass til 12 og 18 passasjerar. Perfekt for mindre grupper som vil gjere reisa til ei oppleving og ønskjer større fleksibilitet. Kontakt Fonnes Båtservice for booking: Vakttelefon: 91 60 61 57 / 95 78 44 11 tommy@fonnesbatservice.no

Kollektivtransport

Norled sine ekspressbåtar Bergen – Nordfjord og Bergen – Sogn går forbi to gongar om dagen. Frå Bergen til Skjerjehamn tek det ca. 1,5 time med båt. Båten stoppar i Skjerjehamn alle dagar under Utkant.

BÅTRUTER


- Rute 1 Mjømna-Skjerjehamn - Billettar
- Rute 2 Eivindvik-Skjerjehamn - Billettar
- Rute 3 Mastrevik-Skjerjehamn (en avgang til Vardetangen lørdag) - Billettar
- Rute 4 Furnes-Skjerjehamn - Billettar

Det går diverre ikkje båt frå Dalsøyra i år pga. låg dekning. Men frykt ikkje! Det går buss, sjå under.

BUSS

Billetter til buss må forhåndsbestilles!

For å kome til Utkant oppmodar me flest mogleg å nytte offentleg transport. Det er sett opp eigne bussruter, trykk på dei for å sjå kart og avgongstider

  • Trykk for kart

    Byrknes: kl 16:45, 18:35 og 19:45

    Ankomst festival kl 17:15, 19:00, 20:15

    Retur (torsdag, fredag og laurdag):

    Frå Skjerjehamn kl 23:15 - går til alle stopp

    Frå P-plass (Mjåsundet næringspark, ta shuttle frå Skjerjehamn):

    23:30 - går til alle stopp

    00:30 - går til alle stopp

    01:30 - går kun til Byrknes

    02:15 - går kun til Byrknes

  • Trykk for kart

    Til festival (torsdag, fredag og laurdag)

    Duesund kl 16:00

    Hosteland: kl 16:20 og 18:45

    Nautesund camping: kl 16:35 og 19:00

    Hovden: kl 16:45 og 19:15

    Vidsyn: kl 17:00 og 19:30

    Ankomst festival kl 17:25 og 20:00

    Retur (torsdag, fredag og laurdag)

    Frå Skjerjehamn 22:20 (går ikkje til Duesund)

    Frå P-plass (Mjåsundet næringspark, ta shuttle frå Skjerjehamn):

    22:35 -(går ikkje til Duesund)

    00:30 - går til alle stopp

    02:15 -(går ikkje til Duesund)

  • Trykk for kart

    Til festival (torsdag, fredag og laurdag):

    Dalsøyra 15:45 og 17:55

    Heggelund kl 16:00 og 18:00

    Eidsbotn kl 16:10 og18:10

    Hovden kl 16:20

    Vidsyn kl 16:30 og 18:20

    Sande kl 16:50

    Ankomst festival kl 17:15 og 18:45

    Retur (torsdag, fredag og laurdag):

    Frå P-plass (Mjåsundet næringspark, ta shuttle frå Skjerjehamn):

    00:30 - Går innom Hovden og Sande

    02:00 - Går direkte til Vidsyn

  • Sidan vi ikkje har plass til parkering inne ved festivalen, må alle parkere på parkeringsplass ved Mjåsundet Næringspark. Derfrå går det shuttlebuss fram og tilbake gjennom heile festivalen. (trykk for kart)

    Shuttlebussen går om lag kvart 20. minutt.

    Billettar til shuttle finn du på Ticketco, trykk på knappen under.

  • Bussen går frå perrong P på Bergen busstasjon torsdag 25.juli kl 13:30 og køyrer til Utkantfestivalens parkeringsplass på Mjåsundet Næringspark, deretter går shuttle inn til festivalområdet og camp. Shuttle er inkludert i bussbilletten.

    På søndag 28. juli går det returbuss frå Skjerjehamn kl. 13:30 og Mjåsundet Næringspark kl. 13:50. Ankomst i Bergen ca. kl. 16:05

    Trykk på knappen under for å kome til billettsida.

Rabattar:

Ungdom 13-19 år kan nytta rabattkode UNG (sponset av LTU).
OBS! Skal du ha vanlege billetter i tillegg må du foreta to bestillingar, ein for ungdom og ein for vaksne.

Buss heile helga? Då får du den siste billetten gratis i billettsystemet.


FRÅ BERGEN TIL SKJERJEHAMN MED BIL

Det tek knappe 2 timar å køyre frå Bergen til Skjerjehamn med bil. Køyr mot Knarvik og ta av til Mongstad på riksveg 57. På Mongstad (Leirvåg) går det ferje kvart over kvar heile time. Ferga tek ca. 20 minuttar. Følg så skiltinga til Byrknes og ta av før Mjåsundbrua til Skjerjehamn.
Ferjetider finn du her.

FRÅ SUNNFJORD TIL SKJERJEHAMN MED BIL

Etter ferja Lavik – Oppedal tek du av vegen ved Kringla. Køyr deretter først mot Duesund og så mot Rutledal. Ta av til Sløvåg. Følg så skiltinga til Byrknes og ta av før Mjåsundbrua til Skjerjehamn.

 

Lykke til og køyr forsiktig!