Det blir allsang med Band With A Name
Band With A Name er eit lokalt band heimehøyrande i Gulen som har eit mål: å lage fest med god stemning.
Musikken blir henta frå mange sjangrar, frå norsk visepop til tyngre rock. Den einaste fellesnevnaren er at du garantert har høyrt låta før… mange gonger. Forhåpentlegvis kan, og vil, du synge med på teksten, samtidig som det rykk hardt i dansefoten.
“Å få spele på Utkant er noko me gler oss veldig til, me lovar å gjere alt me kan for å lage skikkelig afterski-stemning på Skjerjehamn.”