Petter Lavern returnerar til Utkant!

Den legendariske Utkant-quizzen er tilbake! Onsdag kveld inviterar Petter Lavern til kunnskapsquiz i Pakkhuset - den perfekte oppladinga og den siste festen før festivalen brakar laus. I fjor stilte rekordhøge 150 lag til start, så kom tidleg - det blir fullt! Samle eit lag på maks fem deltakarar og bli med på ein kveld fylt med kunnskap, konkurranse, latter og ekte Utkant-stemning!

Klar for ein musikalsk utfordring på Utkant? Petter inviterar også til musikkbingo under dagunderholdninga - med låter og augeblikk frå festivalen sin historie! Kor godt kjenner du artistane som har sette sitt preg på Utkant gjennom åra? Ta ein liten mimretur før festivalen - det kan gi deg ein klar fordel når bingobrikka delast ut!

Petter Lavern vil også utfordre deg til å gripe mikrofonen! Når musikken stoppar, gjeld det å kjenne igjen låta først og synge refrenget høgast og best. Her er det raske reaksjonar, god stemning og masse latter - anten du deltar eller heiar frå publikum. Samle gjengen og bli med på ein av festivalen sin mest underholdande konkurransar!

Neste
Neste

Eirik Krokås og Marlene Stavrum til Utkant!